Takk for at du handlar lokalt!

Ein videopresentasjon i 5 delar som presenterer mangfaldet i næringslivet vårt og innverknaden det har på lokalsamfunnet.

Næringslivet gir oss ikkje berre varer og tenester når vi treng det, men også ein jobb å gå til og ein plass å gå i lære. Takk for at du handlar lokalt og bidrar til å skape eit levande lokalsamfunn og næringsliv i Alver og Nordhordland.

lokal emblem rosa.png
 

Del 1

Her får du mellom anna eit nærare møte med ordførar Sara Hamre Sekkingstad , Blomsterverkstaden a/s og dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, Baste Tveito.

 
 

Del 2

Her får du eit nærare møte med Øyvind Myhr, dagleg leiar for Hillesvåg Ullvarefabrikk.

 

Del 3

Her får du sjå korleis bedriftene i lokalsamfunnet vårt samarbeider, nærmare bestemt KG Elektro, Vest Vvs og Byggteam Vest AS.

 
 

Del 4

I del 4 av filmserien vår treff du Håkon Reigstad, ein av fire brødre i Reigstad Bygg og Eigedom AS som byggjer hus i lokalsamfunnet vårt. Sjå korleis Reigstad Bygg og Eigedom gav tilbake til lokalsamfunnet i samband med 20-årsjubileet.

 

Del 5

«Å handla lokalt, det er viktig», seier Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver kommune. I del 5 og siste del av filmserien vår fortel ordføraren om korleis vi kan oppretthalde eit levande lokalsamfunn gjennom å handle lokalt.