Om Strilahandel

Næringslivet opplever ei vanskeleg tid med lite folk i butikkane og sviktande omsetnad. Eit av våre samfunnsoppdrag er å halde hjula i gong, så lenge retningslinjene frå Folkehelseinstituttet er følgt.

Nordhordland Næringslag har tatt initiativ til å etablere strilahandel.no, ein nettportal for lokal handel i Nordhordland. Portalen er utarbeidd i samarbeid med Alver kommune og Argonville. Strilahandel.no skal gi innbyggarar i Nordhordland ei rask og god oversikt over bedrifter som kan levere varer og tenester.

 

Har du innspel til oss? Ta kontakt!

Vi behandlar dine opplysningar i samsvar med vår personvernserklæring.