“Støtt lokale bedrifter”

Ei helsing frå ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad

 

I situasjonen vi no står i er det viktigare enn nokon gong at vi står saman, støttar lokale bedrifter og handlar lokalt.

Myndigheitene har iverksett nødvendige og inngripande tiltak i samfunnet. Heldigvis følgjer dei fleste råda, slik at vi unngår spreiing av koronaviruset. Men når vi må vere mest mogleg heime, går det hardt ut over lokalt næringsliv.

Mange lokale bedrifter opplever svært vanskelege tider. Derfor vil eg oppmode alle om å støtte opp om dei dyktige lokale aktørane våre. Vi ønskjer å ha eit levande lokalsamfunn med eit næringsliv som opprettheld og skapar nye lønnsame arbeidsplassar også i framtida.

Bruk lokale leverandørar, sjekk om ei lokal bedrift har vara du treng før du handlar på nett. Kanskje har lokalbutikken din utkøyring av varer eller eigen lokal nettbutikk?

Når vi handlar lokalt, støtter vi opp om det som skjer i lokalsamfunnet vårt, og vi bidrar til å halde liv i lokalsamfunnet når kvardagen er tilbake til normalen igjen.

Nokre butikkar har framleis oppe. Om du skal handle fysisk i butikken må du hugse å halde god avstand til andre, så beskyttar vi både dei som jobbar i butikken og handlande. Hugs å vaske hendene godt både før og etter besøk i butikken

Samfunnet vårt er sett på prøve no. Samhald er stikkordet. ❤

Sara Hamre Sekkingstad
Ordførar i Alver